Hopp til hovudinnhaldet

Trening

Gruppetrening

Fargen fortel kor hardt det går. Alle timane ligg i medlemskapet.

01Gruppetrening

Enklare og kjekkare å trene saman

Når du blir med på ein gruppetime, får du både struktur, motivasjon og eit godt fellesskap. Du slepp å lure på kva du skal trene – instruktøren har lagt opp ei variert og effektiv økt som lett kan tilpassast alle nivå, og alt du treng å gjere er å møte opp.

Fordelar med gruppetrening

  • Enklare å halde kontinuitet i treninga – faste tidspunkt gjer det lettare å møte opp
  • Instruktøren legg opp til ei trygg og effektiv økt, med god rettleiing frå start til slutt
  • Variasjon i øktene held motivasjonen oppe
  • Alle kan vere med, uansett erfaring, form eller alder – timane tilpassast ditt nivå
  • Ein fast treningsavtale i veka gir struktur i kvardagen og ei kjensle av meistring

Alle gruppetimane ligg i medlemskapet. Er du ikkje medlem, kan du bruke den gratis prøveveka på sal- og spinningtimar òg – ring resepsjonen, så hjelper vi deg med å booke plass.

02Fargekodane

Fire fargar, fire nivå

Kvar time har ein farge, og fargen fortel kor hardt det går. Vel etter dagsform, ikkje etter kva du trur du bør klare.

Blårørsle

Roleg tempo med tid til å ta ut heile rørsla. Styrke for kjernemuskulatur, balanse, bevegelegheit og avspenning.

Grønlåg terskel

Enkle øvingar i eige tempo og på eige nivå. Terskelen er låg for både latter og moro – timane passar alle.

03Alle timane

Fargen fortel kor hardt det går

Book gruppetime →
Blårørsle Grønlåg terskel Gulmoderat Raudintensiv

Pilates

55 min

Gruppetrening med fokus på styrke for kjernemuskulatur, balanse og bevegligheit. Øvelsane er i hovudsak henta frå pilates, men vi lar oss også…

Blårørsle

Time med fokus på styrke- og bevegeligheitstrening for bol og hoftemuskulatur. Gjennomfører øvingane i roleg tempo slik at ein har tid til…

Blårørsle

Yoga

60 min

Yoga med fokus på pust, ro, konsentrasjon gjennom røsle, balanse, styrke, strekk og avspenning.

Blårørsle

Mor og Barn

45 min

Bli med på trening for mor og barn! I denne timen legg vi opp både styrke og kondisjonstrening. Vi set opp kjekke…

Grønlåg terskel

Senior

45 min

Kjekk og effektiv time der ein brukar ulike øvingar til kjekk og morosam musikk.

Grønlåg terskel

Vanngym

30 min

Dette er ein time med fokus på styrke og puls, gjennom enkle øvelsar som utfordrar din kjernemuskulatur og utholdenheit. Det jobbes med…

Grønlåg terskel

HIIT

55 min

Høg intensitet intervall. Dette er ein time som utfordrar både styrke, kondisjon, hurtigheit og balanse. Timen er bygd opp av ei enkel…

Gulmoderat

Her ventar ein god oppvarming på 5 min før ein starta med intervallane. Ulike intervallar på kvar time. Du jobbar i ditt…

Gulmoderat

Kondisjonstrening på step og styrketrening for dei største muskelgruppene. Enkel og real time.

Gulmoderat

Spinn

60 min

Denne spinningtimen er lagd opp slik at du får kjensla av å sykle kring om Vestlandet. I løpet av timen vil du…

Gulmoderat

Enkel og kjekk kondisjonstime i kombinasjon med styrke for dei største muskelgruppene. Passar for alle.

Gulmoderat

Kjekk og effektiv trening der vi trenar heile kroppen i ulike typar intervallar. Øvingane kan tilpassast alle

Raudintensiv

Ein time der du får godt opp pulsen. Oppvarming, styrkedel med fokus på eit av baseløftene knebøy, markløft eller benkpress på kvar…

Raudintensiv

Spinn intervall time med høgt tempo og fengande musikk. Timen består av tre delar der vi varierar med lengde, tempo og sitte/stå.…

Raudintensiv

God oppvarming på 12 min før ulike intervaller venta. Du køyrer ditt eige tempo og vel sjølv kor hardt du vil køyra…

Raudintensiv

04Booking

Slik fungerer booking

Book gruppetime →

Du kan booke deg på gruppetime seks dagar før timen startar. Booking og avbooking gjer du på «Mi side» hos Xakt.

01

Book

Gå til «Book gruppetime», logg inn med telefonnummer og passord, og vel time. Du kan booke inntil seks dagar fram i tid.

02

Registrer oppmøte

Legg brikka på i resepsjonen innanfor ein time før timen startar. Har du ikkje registrert deg seinast fem minutt før, blir du ført som «ikkje møtt opp», og plassen kan gå til ventelista.

03

Venteliste

Er timen full, kan du setje deg på venteliste. Lista har 20 plassar, og du får SMS så snart nokon avbookar.

04

Avbook

Avbook seinast to timar før timen startar, ved å trykkje «–» på timen på «Mi side». Treng du hjelp, kontakt resepsjonen.

Reglane. Møter du ikkje opp til ein time du har booka («no-show»), får du 14 dagar karantene frå førehandsbooking. I karantenetida bookar du på bookingstasjonen på senteret same dag som timen går. Avbook difor seinast to timar før, så slepp du karantene og nokon på ventelista får plassen.

Gratis prøveveke

Prøv Puls gratis i ei veke

Sju dagar med full tilgang til senteret og alle gruppetimane. Ingen kortnummer, og ho går ikkje over i eit medlemskap av seg sjølv.

Prøveveka gjeld i betent opningstid – måndag–torsdag 09–21, fredag 09–17 og laurdag 10–15 – og kan ikkje nyttast på søndagar.