Hopp til hovudinnhaldet

Kundeservice

Kva lurer du på?

Vel eit tema

Alle spørsmål

Eg har gløymt passordet mitt – kva gjer eg?

Trykk på «Gløymt passord» ved innlogging. Du får ei melding for å setje nytt passord.

Gå til «Min side» Gå til Xakt

Min side og app
Er senteret bemanna heile tida?

Oversikt over betjente og ubetjente opningstider finn du her:
Åpningstider Les meir

Senterinformasjon
Har de garderobar og dusj?

Ja, vi har garderobar med dusj, badstu og låsbare skap.

Merk: Hengelås er påbudt ved bruk av skap.
Ta med eigen hengelås eller kjøp i resepsjonen.

Sjå garderobe og meir informasjon her.

Senterinformasjon
Har de kosthaldsrettleiing?

Ja, Nicoline Aamot Hegrenes, vår klinisk ernæringsfysiolog, tilbyr individuell rettleiing og oppfølging.
Finn ut meir her: Klinisk ernæringsfysiolog Les meir

Tenester
Har de parkering?

Ja, vi har gratis parkering i 3 timar ved Alti Førde-senter Nord.

Parkeringa er under tak heile året, og du kan gå rett frå bilen til trening – tørrskodd og komfortabelt.

Oversikt over inngangar til senteret

Senterinformasjon
Har eg adgang til gruppetimar som medlem?

Ja. Som Puls-medlem har du adgang til alle våre fasilitetar og treningstilbod.

Sjå kva medlemskap vi har her. Les meir

Trening
Kan bedrifter inngå avtale for tilsette?

Ja, vi tilbyr bedriftsavtalar med gode rabattordningar.
Ta kontakt på post@pulsforde.no post@pulsforde.no for tilbod.

Les meir om bedriftstrening Les meir

Tenester
Kan eg sjå treningshistorikken min på «Min side»?

Ja, du kan sjå oversikt over tidlegare booka timar og kommande reservasjonar.

Gå til «Min side» Gå til Xakt

Min side og app
Kan eg ta med ein venn?

Ja, du kan ta med gjest ved å kjøpe drop-in i resepsjonen eller på nett.

Senterinformasjon
Kan eg trene med PT utan medlemskap?

Du kan kjøpe PT-timar utan å vere medlem, men medlemskap gir betre prisar og tilgang til alt utstyr og fasilitetar.

Personleg trenar oversikt Les meir

Trening
Kontaktinformasjon

Telefon: 57 82 31 32
E-post: post@pulsforde.no post@pulsforde.no
Adresse: Naustdalsvegen 4, 6800 Førde

Medlemskap og booking
Korleis blir eg medlem?

Du kan bli medlem direkte på pulsforde.no Les meir eller kome innom resepsjonen.

Medlemskap og booking
Korleis bookar eg gruppetrening eller PT-time?

Book gruppetime Gå til Xakt

Personleg trening Les meir

Medlemskap og booking
Korleis fungerer betalinga av medlemskapet?

Ein har 3 moglegheiter for betaling av medlemskap:

- Avtalegiro
- Betaling for vald tidsperiode i resepsjonen
- Betaling direkte gjennom nettsida

Betaling
Korleis fungerer PT-pakkar?

Du kan kjøpe enkelt-timar eller pakkar med fleire timar.
PT-pakkar gir rabatt per time og vert avtalt direkte med din PT.

Personleg trenar oversikt Les meir

Min side og app
Korleis kan eg fryse medlemskapet?

Dersom du ønskjer å fryse medlemskapet ditt, må du gje beskjed før den aktuelle månaden startar.
Det er ikkje mogleg å fryse medlemskapet for ein månad som allereie har starta.

Har du andre spørsmål rundt frys av medlemskap, send oss gjerne ein e-post.

Medlemskap og booking
Korleis loggar eg inn på «Min side»?

Som medlem loggar du inn med mobilnummer eller medlemsnummer på nettsida vår.

Logg inn her! Gå til Xakt

Min side og app
Korleis melder eg meg ut?

Utmelding etter bindingstid gjer du ved å sende e-post til post@pulsforde.no post@pulsforde.no.

Medlemskap og booking
Korti er det mogleg å booke seg på gruppetimar?

Gruppetimar vert lagt ut for booking 6 dagar i førevegen.

Book gruppetime Gå til Xakt

Trening
Kva aldersgrense har de?

13 år (ungdomsskulealder) for trening utan følgje.

Sjå medlemskap for ungdomskule-elevar. Les meir

Senterinformasjon
Kva er opningstidene?

– Bemanna resepsjon:
– Måndag–torsdag: 09:00–21:00
– Fredag: 09:00–17:00
– Laurdag: 10:00–15:00

– Ubemanna tilgang:
– Måndag–fredag: 05:00–24:00
– Laurdag–søndag: 07:00–23:00

Medlemskap og booking
Kva kan eg gjere på «Min side»?

På Min side kan du:

- Sjå medlemskap og betalingar
- Oppdatere kontaktinformasjon
- Booke gruppetimar og kurs
- Sjå besøkslogg over når du har vore på senteret
- Sjå kor mange som er på senteret akkurat no

Min side og app
Kva reglar har dåke på senteret?

Vi ynskjer at trening på Puls Førde skal vere ein kjekk og inkluderande oppleving for alle,
difor har vi eigne reglar for tryggleik og trivsel.

Les meir om våre tryggleik- og trivselsreglar.

Senterinformasjon
Kva skjer om betalinga ikkje går gjennom?

Då får du ei påminning frå oss 7 dagar etter forfallsdato.
Dersom betalinga framleis uteblir i 14 dagar etter forfallsdato, vert det sendt eit inkasso-varsel.
Frå dette tidspunktet må betaling gjerast direkte gjennom inkasso-selskapet

Betaling
Kva skjer om eg ikkje møter opp på ein booka gruppetime?

Dersom du ikkje møter opp til ein gruppetime du er påmeldt, får du ein “no-show”-registrering.

Vi oppmodar alle til å avbestille seinast 2 timar før timen dersom du ikkje kan kome, slik at plassen kan frigjerast til andre.

Ved 3 “no-show”-registreringar innan 30 dagar vil du miste moglegheita til å booke gruppetimar i 1 månad.

Trening
Tilbyr de akupunktur?

Ja, Helene Vejlskov Vie tilbyr akupunktur som eige behandlingstilbod på senteret.
Finn ut meir om akupunktur Les meir

Tenester
Tilbyr de fysioterapi?

Ja, vi har privat praktiserande fysioterapeut, Magnus Liene, som held til i våre lokale.
Du kjem raskt til, og time kan bookast direkte på lienefysio.no. Opnar i ny fane

Tenester

Fann du ikkje svaret?

Resepsjonen er betent på kvardagar. Ring 57 82 31 32 eller send ein e-post, så hjelper vi deg.