Tanja Aleksandra Nygard
Tanja har utdanning frå Akademiet for personleg trening (AFPT). Ho er ein motiverande og positiv PT som ynskjer å legge til rette for at…
Akademiet for personleg trening (AFPT)
Trening
Fire sertifiserte trenarar. Gratis PT-time når du melder deg inn.
01Personleg trenar
Har du lyst å kome i gang med trening, men veit ikkje heilt kvar du skal starte? Eller har du trent ei stund, men står litt fast og treng eit løft? Ein personleg trenar gir deg både struktur og støtte – og hjelper deg å finne ein treningskvardag som fungerer for akkurat deg.
Hos Puls Førde møter du PT-ar som er meir enn berre fagpersonar. Dei er gode menneskekjennarar, dyktige motivatorar og flinke til å lytte – og dei veit korleis dei skal hjelpe deg framover, utan å presse deg over grenser du ikkje er klar for.
Aldri prøvd før? Perfekt – då er dette noko for deg. Personleg trening er ikkje berre for dei spreke og erfarne. Det er ein god start for deg som vil kjenne deg trygg i treninga, få gode rutinar og lære korleis du kan trene på ein måte som gir meining. Du bestemmer tempoet – vi viser deg vegen.
02Trenarane
Tanja har utdanning frå Akademiet for personleg trening (AFPT). Ho er ein motiverande og positiv PT som ynskjer å legge til rette for at…
Akademiet for personleg trening (AFPT)
Eg heiter Julie Varga og er personleg trenar med solid fagleg bakgrunn og brei erfaring innan trening og opptrening. Eg har ein lang idrettsbakgrunn…
Utdanna fysioterapeut frå OsloMet (2023)
Bjarne har PT-bakgrunn frå AFPT. Han har brei bakgrunn frå idrett, både som aktiv, dommar og trenar, særleg i fotball, friidrett, volleyball og vektløfting.…
PT-bakgrunn frå AFPT (Akademiet for personleg trening)
Eirik har bakgrunn frå Norges Idrettshøgskule, er utdanna Prestasjonstrener (Exos) og jobbar som personleg trenar (PT) og kosthaldsrettleiar, og er medeigar på Puls Førde.…
Norges Idrettshøgskule; utdanna Prestasjonstrener (Exos)
03Prisar
Prisen er per time og avheng av nivået til trenaren og kor mange timar du kjøper. Det første talet er medlemspris, det andre er for deg som ikkje er medlem.
Ikkje-medlem: +80 kr per time.
| Timar | PT1 | PT2 | PT3 | PT4 |
|---|---|---|---|---|
| 1 | 768 / 848 | 822 / 902 | 874 / 954 | 980 / 1060 |
| 5 | 735 / 815 | 788 / 868 | 840 / 920 | 945 / 1025 |
| 10 | 702 / 782 | 754 / 834 | 806 / 886 | 910 / 990 |
| 20 | 676 / 756 | 728 / 808 | 780 / 860 | 884 / 964 |
| 30 | 624 / 704 | 676 / 756 | 728 / 808 | 832 / 912 |
| 50 | 572 / 652 | 624 / 704 | 676 / 756 | 780 / 860 |
To personar deler timen. Ikkje-medlem: +120 kr per time.
| Timar | PT1 | PT2 | PT3 | PT4 |
|---|---|---|---|---|
| 1 | 874 / 994 | 928 / 1048 | 980 / 1100 | 1086 / 1206 |
| 5 | 840 / 960 | 892 / 1012 | 945 / 1065 | 1050 / 1170 |
| 10 | 806 / 926 | 858 / 978 | 910 / 1030 | 1014 / 1134 |
| 20 | 780 / 900 | 832 / 952 | 884 / 1004 | 988 / 1108 |
| 30 | 728 / 848 | 780 / 900 | 832 / 952 | 936 / 1056 |
| 50 | 676 / 796 | 728 / 848 | 780 / 900 | 884 / 1004 |
Kort økt. Ikkje-medlem: +50 kr per time.
| Timar | PT1 | PT2 | PT3 | PT4 |
|---|---|---|---|---|
| 1 | 504 / 554 | 551 / 601 | 604 / 654 | 763 / 813 |
| 5 | 478 / 528 | 541 / 591 | 583 / 633 | 724 / 774 |
| 10 | 458 / 508 | 515 / 565 | 562 / 612 | 655 / 705 |
| 20 | 437 / 487 | 489 / 539 | 536 / 586 | 614 / 664 |
| 30 | 395 / 445 | 458 / 508 | 515 / 565 | 593 / 643 |
| 50 | 333 / 383 | 406 / 456 | 452 / 502 | 530 / 580 |
Medlem 450 kr · ikkje-medlem 550 kr
Har du vore medlem hos oss i over 12 månader, får du 5 % rabatt på alle PT-pakkar på 10 timar og oppover. Rabatten gjeld medlemsprisane på 10-, 20-, 30- og 50-klipp.
Når du melder deg inn hos Puls Førde, får du ein gratis PT-time inkludert. Det er ei uforpliktande moglegheit til å få ein smakebit på korleis det er å få hjelp frå ein personleg trenar – og ein god start på treningsreisa di.
Fortel kort kva du vil oppnå, så set vi deg i kontakt med den trenaren som passar best.
Gratis prøveveke
Sju dagar med full tilgang til senteret og alle gruppetimane. Ingen kortnummer, og ho går ikkje over i eit medlemskap av seg sjølv.
Prøveveka gjeld i betent opningstid – måndag–torsdag 09–21, fredag 09–17 og laurdag 10–15 – og kan ikkje nyttast på søndagar.