Teneste
TestLab
I Testlab-en vår kan du få konkrete svar på korleis kroppen din jobbar og kva som skal til for å få betre effekt av treninga du allereie gjer. Sjølve testinga foregår i trygge og gode omgivelsar i eigen seperat testlab ifrå resten av senteret. Testing er ikkje berre for toppidrettsutøvarar. VO₂ maks er kroppens maksimale evne til å ta opp og bruke oksygen. Testen kan gjennomførast på sykkel eller tredemølle. Laktatprofil (melkesyretest) viser den høgaste intensiteten du kan halde over tid der kroppen klarer å balansere produksjon og fjerning av laktat. Testar tilbydd: Laktatprofil, VO2 Max, Laktatprofil + Vo2 Max.
Dette får du ut av testing
- Finn styrkar og svakheiter
- Få rett intensitet på øktene – slutt å gjette
- Mål framgang over tid
- Auk treningseffekten og få meir ut av tida du trenar
- Betre kontroll på belastning og restitusjon
VO₂maks – kondisjonstesten som seier mykje om helsa di
VO₂maks er kroppens maksimale evne til å ta opp og bruke oksygen, og ein av dei mest nyttige målingane vi har – både for prestasjon og for god helse. Høgare VO₂maks heng saman med betre kondisjon, betre arbeidskapasitet og meir energi i kvardagen. Testen kan gjennomførast på sykkel eller tredemølle, og du får ei oppsummering av resultatet med forslag til korleis du kan bruke tala i treninga vidare.
Laktatprofil – finn terskelen din og tren smartare
Laktatprofil viser den høgaste intensiteten du kan halde over tid der kroppen klarer å balansere produksjon og fjerning av laktat. Denne intensiteten blir kalla terskel, og er saman med VO₂maks noko av det viktigaste for uthaldsprestasjon. For mosjonistar er laktatprofil gull verdt for å finne rett fart, tempo og puls på øktene, slik at treninga blir effektiv.
Kven passar testing for?
Alle som trenar eller vil kome i gang.
- Vil få betre kondis og helse
- Vil ned i vekt og trene meir målretta
- Er nysgjerrig på forma og vil ha ein startstatus
- Kjenner at framgangen har stoppa opp
- Trenar mykje og vil redusere risikoen for overbelastning
- Har eit konkret mål eller ein konkurranse i sikte
InBody 970 – kroppsanalyse på eit minutt
Puls Førde tilbyr kroppsanalyse med InBody 970, toppmodellen frå InBody og eit av dei mest avanserte apparata for kroppssamansetning som finst. Du står på apparatet i om lag eitt minutt, og får ein full rapport som vi går gjennom saman med deg.
- Muskelmasse – totalt og fordelt på armar, bein og kjerne
- Feittmasse, feittprosent og visceralt feitt rundt organa
- Kroppssamansetning og kroppsmasseindeks sett i samanheng
- Væskebalanse og fordeling av kroppsvæske
- Kva analysen seier om framgangen din – og kva du bør gjere vidare
Slik fungerer det
Du treng ikkje vere i toppform for å teste. Vi tilpassar opplegget etter nivå og mål, og du får forklaring undervegs. Etter testen får du resultat og forklaring i eit språk som er lett å forstå, anbefalingar for treninga vidare og høve til retest slik at du kan måle framgang.
Sjå korleis testane går føre seg


Prisar
| Test | Test | Retest | Medlem test | Medlem retest |
|---|---|---|---|---|
| VO₂maks | 899 kr | 799 kr | 799 kr | 699 kr |
| Laktatprofil | 1 499 kr | 1 399 kr | 1 399 kr | 1 299 kr |
| VO₂maks + laktatprofil | 2 199 kr | 2 099 kr | 2 099 kr | 1 999 kr |
| Kroppsanalyse InBody 970 (15 min, 18 år+) | 550 kr | – | 450 kr | – |
Bestill test i TestLab
Vi tek kontakt for å finne eit tidspunkt. Testen tek om lag ein time, og du får resultata gjennomgått med ein gong.
Vil du bestille time?
Ring resepsjonen eller send oss ein e-post, så set vi deg opp.