Puls Førde
Personvern
Denne personvernerklæringa fortel korleis Puls Førde AS som dataeigar samlar inn og brukar personopplysningar.
Adressa vår er Naustdalsvegen 4, 6800 Førde. Organisasjonsnummeret vårt er 927 927 500. Adressa til nettstaden vår er https://www.pulsforde.no/.
Puls Førde AS, ved Eirik Flatjord, er behandlingsansvarleg for behandling av personopplysningar.
Erklæringa inneheld opplysningar du har krav på når det vert samla inn opplysningar frå nettstaden vår (personopplysningslova, artikkel 13) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar.
Kva for personopplysningar vi samlar inn, og kvifor
Informasjonskapslar
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert lagra på eininga di når du besøkjer ei nettside. Denne nettstaden set ingen sporingskapslar og brukar ikkje analyseverktøy. Vi lagrar ikkje informasjon som gjer at vi kan identifisere deg som person ut frå besøket. Sjå informasjonskapslar for ei fullstendig oversikt.
Skjema på nettstaden
Det er frivillig å oppgje personopplysningar i skjema på nettstaden, til dømes når du ber om gratis prøveveke, bestiller PT-time eller testing, eller kontaktar oss. Dei opplysningane du legg inn vert sende til oss på e-post og lagra i skjemaverktøyet på nettstaden så lenge vi treng dei for å svare deg og yte den tenesta du ber om. Det er berre tilsette hos Puls Førde som har tilgang til desse opplysningane.
Kundeopplysningar og medlemskap
Om du er medlem hos oss, lagrar vi relevante opplysningar om deg som kunde i medlemssystemet vårt (Xakt) så lenge kundeforholdet varer. Innmelding, booking og «Mi side» skjer hos Xakt, som har eiga personvernerklæring. Kontakt oss dersom du ønskjer ei oversikt over kva system vi brukar for å behandle opplysningar om deg som kunde.
Vi ønskjer å behalde opplysningane også etter at kundeforholdet er avslutta, for å kunne sjå historikken og dermed betre kunne hjelpe deg ved seinare høve. Du kan når som helst kontakte oss dersom du vil at vi skal slette dei opplysningane vi har om deg.
Innebygd innhald frå andre nettstadar
Nokre sider har innebygd innhald frå andre nettstadar, til dømes videoar frå YouTube på maskinsidene. Slikt innhald fungerer akkurat som om du hadde vore på den andre nettstaden, og desse nettstadane kan samle data om deg, bruke informasjonskapslar og innehalde tredjepartssporing når du spelar av innhaldet.
Kven vi deler opplysningane dine med
Opplysningar om kundeforhold vert delte med rekneskapsføraren vår. Dette omfattar namn, e-postadresser, fakturainformasjon, informasjon om kva medlemskap du har, kva du har betalt og liknande.
Data som vert sende inn via skjema vert lagra på server hos databehandlaren vår, som har teieplikt og som vi har databehandlaravtale med. Databehandlar for nettstaden er Presense Konsult AS.
Kor lenge vi lagrar opplysningane dine
Har du sendt oss opplysningar via eit skjema, eller har eit kundeforhold til oss, lagrar vi opplysningane så lenge det er naudsynt for å kunne yte tenester til deg, og deretter så lenge det er behov for å sjå historikken ved seinare kontakt.
Kva rettar du har over opplysningane dine
Du kan be om å få ei oversikt over alle personopplysningane vi har om deg, og du kan be om at vi rettar eller slettar dei. Dette gjeld likevel ikkje opplysningar vi må lagre av administrative, juridiske eller tryggleiksgrunnar, til dømes rekneskapsbilag.
Har du spørsmål om korleis vi behandlar personopplysningar, er du velkomen til å ta kontakt på post@pulsforde.no eller telefon 57 82 31 32.