Kvifor er det ein fordel å teste seg?

Toppidrettsutøvarar testar seg for å kvalitetssikre at treninga får den effekten dei er ute etter. Likevel er ikkje berre testing nyttig for slike utøvarar, men også for deg som trenar mykje, og som er oppteken av innsikt i eigen fysisk form.

Testane vi tilbyr gir deg eit godt utgangspunkt, slik at du kan optimalisere treninga di. Det handlar om å få mest mogleg ut av den tida ein brukar. Ein test er nøkkelen til kontroll i ditt treningsarbeid. Gjennom ulike testar kan ein personleg trenar evaluere kapasiteten og arbeidskravet ditt, samt at det blir lettare å setje realistiske og gode mål.

Testar vi tilbyr

Måling av maksimalt oksygenopptak (VO2-maks)
En Vo2 max test, er eit verktøy som går ut på å finne ditt maksimale oksygenopptak. Kor mykje oksygen kroppen klarer å ta opp i løpet av eit minutt. Denne testen er med på å vise deg korleis formen din ligger an, eller kor bedra formen din er etter ein treningsperiode. Og er då eit nyttig verktøy for å kvalitetsikre treninga di, ved at du finner kva faktorar som har blitt styrka.

Ved å kombinere en Laktatprofil med en Vo2 maks test så vil ein kunne få eit godt innblikk i egen prestasjonsevne. Resultata kan brukast til å lage eit meir komplett og effektivt treningsopplegg, som bygger på det å trene opp sine svakheter og styrke sine styrker. Man får derav etablert eit bedre grunnlag for optimal intensitetstyring, og ein finner ut korleis en burde legge opp til eit meir egentilpassa treningsopplegg. Dette ut i frå en kartlegging av fysisk form før og etter ein treningsperiode.

Laktatprofil
Ein laktatprofil er eit nyttig verktøy for det å dokumentere framgang ved submaksimale belastninger. Her måles blodlaktat på ulike belastninger til man finner fram til det som er din laktatterskel. Ein slik test er nyttig i forhold til det å etablere gode treningsoner, slik at du kan nytte deg av fart/kraftsoner i tillegg til pulsoner. Dette verktøyet er og nyttig etter en treningsperiode for å sikre framgang, og for å nærmere finne ut kva som har blitt bedra.

Kroppsanalyse
Ved å ta ei kroppsanalyse får du ein komplett gjennomgang av kva kroppen din består av. Ved å stå på ei vekt får du blant anna vite muskelmasse, feittmasse, kvileforbrenning, bukfeitt, feittprosent o.l. Etter testen blir det satt av tid til samtale for å gå gjennom resultat og forbetringspotensiale.

Ellers kan vi gjennomføre ulike andre tester etter behov. Derav, standariserte tester, watttester, løpstester, styrketester mm. Så om du har ein forespørsel på ein test du ønsker bistand til å kvalitetsikre ved å kjøre i eit standarisert miljø med assistanse frå meg som tesleder så er det berre å sende en mail, så skal vi skreddersy etter dine behov.

Testing med etterfølgande treningsopplegg (Utholdenhetspakke) 
Når du er inne og tester så sitter du igjen med mykje god informasjon. Denne er då fin å bruke for å lage eit meir optimalt og effektivt treningsopplegg. Så her kan vi då tilby deg en pakkeløsning på testing før og etter en treningsperiode med eit inkluderande egentilpassa treningsopplegg med en oppfølgingstime undervegs. Her vil du då få eit komplett opplegg som ikkje berre vil få deg i bedre form, men det vil og vise deg kor mykje betre form du er komen i slik at du får gode konkrete tilbakemeldinger på innsatsen din.
Vår pakkeløsning inkluderer testing før og etter en treningsperiode(laktatprofil, Vo2 maks og kropsanalyse), 8 vekers treningsprogram og en oppfølgingstime undervegs. Dette kan selvfølgelig tilpassast etter andre behov.

Vår testleiar

Kristian Aasen Tjønneland
Kristian Aasen Tjønneland
Epost: kristian-tj-95@hotmail.com

Nivå: PT1

Kristian har teke utdanninga si ved Høgskulen i Innlandet, der han har ein Bachelor i Idrettsvitenskap, med inkluderande PT-utdanning. Han er lidenskapelig opptatt av utholdenhetstrening, og satsar aktivt på landevegsykling. Med han som PT vil du dra nytte av hans allsidige treningskunnskap innanfor kondisjon og styrketrening, og han vil holde deg oppdatert på den nyaste forskinga, slik at du skal få eit variert program som vil effektivisere treninga di.

Som PT er han ein positiv og utadvent trenar som vil motivere deg til å ta treninga til nye høgder. Han er bevisst på detaljar og med han kan du forvente deg en engasjerande trenar som vil fokusere på å gi deg en heilhetleg treningsoppleving og en god dialog, slik at du når dine mål raskare.

Du set deg eit mål og vi når det saman!