Vi kan hjelpe deg i gang

Eit sunt kosthald i kombinasjon med regelmessig fysisk aktivitet er viktig for god helse. På Puls treningssenter kan du få profesjonell rettleiing i både kosthald og trening.

Korleis mat, næringsstoff og trening påverkar kroppen er grunnleggande element i utdanninga til ein klinisk ernæringsfysiolog. Vi er opptatte av korleis ein fremmar god helse og forebygger sjukdom gjennom riktig kosthald og trening.

Vi viser deg korleis du i praksis kan leve opp til anbefalingane om eit sunt kosthald. Det er ikkje vanskeleg, men krev fokus og at du tek bevisste val i kvardagen. Du kan velje mellom to typar rettleiing.

 

Kosthaldsrettleiing (standard)

Kostråd og tilrettelagt individuell rettleiing, med omsyn til allergiar, intoleransar, diabetes, hjarte- og karsjukdommar, samt kostråd relatert til kosthald før, under og etter svangerskap. 60 min + 30 min kontroll, der analyse er inkludert begge timane.

 

Prestasjonsrettleiing:

Kostråd og tilrettelagt individuell kostplan, retta spesielt mot prestasjon/ framgong ift. til trening eller spesifikk idrett. 60 min + 30 min kontroll, der analyse er inkludert begge timane.

 

Vår ernæringsfysiolog

Marte Høyvik Ulltang
Marte Høyvik Ulltang

Marte har ei mastergrad i ernæring. Ho jobber 100 % som klinisk ernæringsfysiolog ved Førde Sentralsjukehus, der ho har oppfølging av pasientar. Marte foretar private konsultasjoner på kveldstid på Puls.