Gruppetrening

Gruppe-trening

BOOKING

Du kan booke deg på gruppetimer seks dagar før gruppetimen startar.

REGISTRERING AV OPPMØTE

Du har registrert deg på timen når du legg brikka på inngangsdøra/inne i resepsjonen til senteret innafor ein time før timen starter. Dersom du ikkje gjer det blir du registrert som *ikkje møtt opp*.

VENTELISTE

Dersom timen er fullbooket kan du gjerne registrere deg på venteliste. Ventelista blir oppdatert fortløpende, og så snart nokon avbooker seg får du sms at du har fått plass.

AVBOOKING

Du kan avbooke ein gruppetime seinast to timar før den startar. Gløymer ein å avbestille tre timar i løpet av 30 dagar får du ikkje forhåndsbooke timar i ein periode på 14 dagar. Skjer dette må all booking skje på bookingstasjonen på senteret samme dag som timer er.

KONTAKT VED BOOKING OG AVBOOKING

Du avbooke timen din inne på «mi side» der du booka deg på timen. I staden for å trykke på +, trykker du på – tegnet, du har då avbooka timen. Dersom du treng hjelp, kontakt oss gjerne direktet i resepsjonen.

Vi gler oss til å sjå DEG på gruppetime. Sosialt, effektivt og kjekt.

Beskrivelse av gruppetimar

Dersom du ynskjer ei forklaring på kva dei ulike timane baserar seg på, trykk på ein aktuell time; informasjonen dukkar då opp. Dei ulike fargekodane står for intensitet. Timar med bakgrunnsfargen blå står for rørsle, raud står for intensiv, gul står for moderat og grøn står for lavterskel.

Om du ikkje er medlem på Puls får du ein gratis prøvetime hos oss, denne kan også brukast på sal- og spinningtimar. Ring resepsjonen, vi hjelp deg med å booke plass!

Vi gledar oss til å sjå deg på trening.

BLÅ TIME = RØRSLE

PILATES 55

Time med fokus på styrke for kjernemuskulatur, balanse og bevegligheit. Øvelsane er i hovudsak henta frå pilates, men vi lar oss også inspirere av yoga, ballett og tai chi. Øvelsane har forskjellig nivå slik at alle skal kunne finne noko som gir passande utfordring.

YOGA 60 

Yoga med fokus på pust, ro, konsentrasjon gjennom røsle, balanse, styrke, strekk og avspenning.

STERK OG SMIDIG 55 

Time med fokus på styrke- og bevegeligheitstrening for bol og hoftemuskulatur. Gjennomfører øvingane i roleg tempo slik at ein har tid til å ta ut heile bevegelsen og kjenne på spenning og avspenning i muskulaturen ein jobbar med. Timen blir avslutta med avspenning.

GUL TIME = MODERAT

STEP  OG STYRKE 55 

Enkel og kjekk kondisjonstime i kombinasjon med styrke for dei største muskelgruppene. Passar for alle.

PULS STEP M STYRKE 55 

Kondisjonstrening på step og styrketrening for dei største muskelgruppene. Enkel og real time.

HIIT 55 

Høg intensitet intervall. Dette er ein time som utfordrar både styrke, kondisjon, hurtigheit og balanse. Timen er bygd opp av ei enkel oppvarming (enkel koregrafi til musikk), hovuddel der vi jobbar oss gjennom fem bolkar av ulik intensitet, og til slutt ei avslutning der vi roar ned. Vi nyttar eigen kroppsvekt og enkelt utstyr, og alle øvingar kan tilpassast ditt nivå.

SPINN 60 

Denne spinningtimen er lagd opp slik at du får kjensla av å sykle kring om Vestlandet. I løpet av timen vil du nå ulike intensitetssonar, ved hjelp av enkel koreografi og rettleiing. Musikken er variert og fengande, og bygg opp ulike løypeprofilar. Der er langkøyring, intervallarbeid og motbakketråkk. Alt i alt vil denne økta gi deg hjelp til å forbetre uthalda di.

MØLLEINTERVALL 

Her ventar ein god oppvarming på 5 min før ein starta med intervallane. Ulike intervallar på kvar time. Du jobbar i ditt eige tempo og timen passar for alle.

RAUD TIME = INTENTSIV 

BOOTCAMP SIRKEL 30 

Kjekk og effektiv trening der vi trenar heile kroppen i ulike typar intervallar. Øvingane kan tilpassast alle

SPINN INTERVALL 55 

Spinn intervall time med høgt tempo og fengande musikk. Timen består av tre delar der vi varierar med lengde, tempo og sitte/stå. Det er fleire småpausar gjennom timen, slik at i sjølve intervallane kan vi trøkke til. Håpar vi ser deg på timen.

BOOTCAMP STYRKE 55 

Ein time der du får godt opp pulsen. Oppvarming, styrkedel med fokus på eit av baseløftene knebøy, markløft eller benkpress på kvar time. Avsluttar alltid med team of 2 økt.

TREDEMØLLE INTERVALL 45 

God oppvarming på 12 min før ulike intervaller venta. Du køyrer ditt eige tempo og vel sjølv kor hardt du vil køyra timen.

GRØN TIME = LAVTERSKEL

SENIOR 45 

Kjekk og effektiv time der ein brukar ulike øvingar til kjekk og morosam musikk.

VANNGYM 30 

Dette er ein time med fokus på styrke og puls, gjennom enkle øvelsar som utfordrar din kjernemuskulatur og utholdenheit. Det jobbes med både eiiga kroppsvekt og utstyr, og ein jobbar i sitt eige tempo og på sitt nivå slik at timen passar alle. Det blir fengslende musikk og terskelen er lav for både latter og moro.

MOR OG BARN 45 

Bli med på trening for mor og barn! I denne timen legg vi opp både styrke og kondisjonstrening. Vi set opp kjekke og varierande øvingar, der ein fokuserar på funksjonalitet.