Bestill time hos fysioterapeut Vi tek imot pasientar med eit vidt spekter av sjukdommar og plager, til dømes nakke/ryggplagar, idrettskadar, nyopererte, nevrologiske sjukdommar, revmatiske sjukdommar, lunge- og hjartesjukdommar.

Ut frå undersøking legg vi opp eit behandlingsopplegg som passar for deg. Vi har ei aktiv tilnærming til vårt arbeid og eit ønske om å gi god rettleiing til korleis du sjølv best kan handtere dine plagar.

Vi tilbyr følgande behandlingstypar:

  • Trykkbølgebehandling *
  • Ultralydundersøking *
  • Triggerpunktbehandling med nåler (IMS) og massasje
  • Medisinsk treningsterapi
  • Slyngeterapi
  • Kinesiotape *
  • Lymfeødembehandling
  • Såletilpassing *
  • Kognitiv terapi

Våre fysioterapeutar

Magnus Liene
Magnus Liene
Epost: magnusliene@outlook.com

Privatpraktiserande fysioterapeut

Er sertifisert kinesiotaper, utfører nålebehandling, trykkbølgebehandling, ultralydsundersøking, såletilpassing, lymfeødembehandling, treningsterapi, massasje, og kognitiv terapi.

Få time på dagen og unngå ventelister:

Bestill på tlf 99377451, epost, lienefysio.no eller kom innom resepsjonen.

Håvard Nesse Røneid
Håvard Nesse Røneid
Epost: havard@pulsforde.no

Privatpraktiserande fysioterapeut.

Håvard er utdanna fysioterapeut ved HiST i 2007. Han jobba med driftstilskot på Puls frå 2009-2014, men er no privatpraktiserande. Han har erfaring innanfor idrett frå det norske herrelandslaget i volleyball, Førde handball og Førde Volleyball.

Håvard tilbyr trykkbølgebehandling, diagnostisk ultralyd, idrettsmassasje, cellulitt-behandling og lagar tilpassa treningsprogram for dei med ulike plagar. Ei vurdering hos Håvard kostar 600 kroner.