Vi har mange kjekke gruppetimar. Vi legg vekt på at du blir tatt godt vare på, og at du gjer øvingane riktig. Timane vert leia av dyktige og inspirerande instruktørar. Kom i god form gjennom ulike timar som styrker kroppen din!

Dei ulike fargane står for intensitet. Timar med fargen blå står for rørsle, lilla står for intensiv, orange står for lavterskel, gul står for moderat, medan grøn står for styrke. Om du ikkje er medlem på Puls får du ein gratis prøvetime hos oss, denne kan også brukast på sal- og spinningtimar. Ring resepsjonen, vi kan hjelpe deg med å booke plass!

Book plass på gruppetime! ←

 

Kategori «Rørsle/ bevegelighet»

• FUNKSJONELL STYRKE 45 MIN
Funksjonell styrke er timen der ein brukar TRX-slynger, eiga kroppsvekt og enkle treningsreiskap. Dette er eit svært godt alternativ for deg som ønsker å auke styrken, og samtidig forbetre koordinasjon og samspel mellom muskulatur. Kjernemuskulaturen er høgt aktivert i alle øvingar, og det er fokus på å utvikle kraft i ulike plan og retningar, for å styrke kroppen sine funksjonelle rørslemønster.

• YOGA BASIC 50 MIN
Ein time med der ein køyrer det mest grunnleggjande innan yoga-øvigar. Timen er retta mot deg som ynskjer å få ro i sjel og kropp, etter ein lang dag. Ein time med fin musikk, fokus på riktig pusteteknikk, styrke og rørsle.

• YOGA 75+15 MIN
Ein time der ein trenar på å få kontroll på kropp, sinn og pust, samt styrke, rørsle og balanse. Etter 75 min vert timen avslutta med 15 min uttøying/avspenning. Om ein ynskjer det, kan ein gå etter 75 min. Målet med timen er å skape ro gjennom konsentrasjon og fokus, der instruktøren fyrst leiar deg gjennom ein sekvens med meditasjon.

 

Kategori «Moderat»

• DOBBELSTEP 45 MIN
Morosam koordinasjonstime med bruk av to steppar. Timen går gradvis frå basic til avansert. Ein kreativ time fylt med dans, kondisjonstrening og tempo.

• STYRKE/PULS 55 MIN
Timen for deg som likar enkle steg, variert musikk, øvingar med fokus på funksjonalitet, og kondisjonstrening. Bli med på ein kjekk og energisk time!

• MORGONSPINN 45 MIN
Start veka med ein kjekk og energisk spinningtime. Instruktøren leiar deg gjennom variert terreng, med ulike toppar. Ein spinningtime for alle, der intensiteten varierar moderat og intensiv.

• SPINN 45 OG 55 MIN
Effektiv kondisjonstrening med varierande intensitet og drivande musikk. Ein veljer sjølv motstand på sykkelen. Denne timen passar for alle.

 

Kategori «Intensiv»

• STEP/ STYRKE 55 MIN
Ein tøff intervalltime, der ein vekslar mellom enkel kondisjonstrening på step, og styrketrening med stang og vekt.

• GIRLPOWER 50 MIN
Høgintensitetstime med fleire styrke- og kondisjonselement, som boksing, vektstang og eiga kroppsvekt. Denne timen passar for tøffe damer, som likar utfordringar.

• PULS 45 MIN
Puls 45 er ein rein kondisjonstime, der intensiteten går frå middels til høg. Timen består av enkle steg, og mange repetisjonar.

• PULS HIT 45 MIN
Ein time med tøff kondisjonstrening, der effekt og treningsglede står i fokus. Enkle trinn, energisk musikk, og ein engasjert instruktør.

• RÅ PULS 55 MIN
Timen for deg som likar ei utfordring. Rå Puls består av styrketrening og intervallar, i høg intensitet. Her får ein trene både generell styrke, og kondisjon.

• TABATA 55 MIN
Fullkroppstrening, i form av intervall. Timen er effektiv, og baserar seg på både styrke og kondisjon. Denne timen er for deg som likar trøkk, og eit høgt energinivå.

• RUMPE&LÅR 55 MIN
Tøff og morosam time, med fokus på rumpe, lår og kjernemuskulatur. Timen er fylt med kjekke og kreative øvingar, der ein vekslar mellom styrke og kondisjon.

• SPINN INTERVALL 55 MIN
Tøffare sykkeltime med pulsintervallar. Intervallane er harde arbeidsperiodar, med aktive pauser imellom.

 

Kategori «Rein Styrke»

• KJERNETRENING 30 MIN*
I denne timen er hovudfokuset haldning, balanse, stabilitet, og rørsle. Ein jobbar i eit roleg tempo, etter roleg musikk. Her får ein tid til å utføre øvingane på riktig måte. Møt oppvarma.

• SLYNGETRENING TRX, 30* og 50 MIN
Ein time som består av trening i slynger. Ved bruk av eiga kroppsvekt, og tyngdekraft, byggjer ein opp styrke, balanse, koordinasjon, leddstabilitet og fleksibilitet. Timen passar for alle, her kan ein jobbe i eige tempo, og ut frå eige nivå.

 

Kategori «Lavterskel»

• MOR&BARN 50 MIN
Bli med på trening for mor og barn! I denne timen legg vi opp både styrke og kondisjonstrening. Vi set opp kjekke og varierande øvingar, der ein fokuserar på funksjonalitet.