Gå til innholdGå til toppen
slagord: Kom som du er
Opningstider
5-24
Bli medlem!
Frå kr 299,- pr mnd
Vilkår og medlemskap
Timeplan og booking
Book plass på gruppetrening

Dagens gruppetreningstimar

Book plass på gruppetrening
10:00
Spinn mix 55
Håvard
18:00
Puls 55
Cecilie
19:30
Spinn Intervall
Randi D.
20:00
Rå Puls 55
PT Eirik

Personleg trenar

– Vi kan hjelpe deg i gang

Ønskjer du meir ut av treninga di? Våre personlege trenarar skal inspirere deg og auke motivasjonen din. Dei kan også gje deg kosthaldsråd slik at du får mest muleg effekt av treninga di.

Prøv personleg trenar – vi kan gi deg ny giv!

Les om dei andre personlege trenarane våre

Ta kontakt i dag!
Marte Mandelid

Marte har bakgrunn frå Active Education Oslo, og jobbar som personleg trenar (PT) på Puls Førde. Du ser hos også som instruktør under både sal- og spinningtimar. 

For Marte er det viktig å finne den treningsforma som passar kvart enkelt individ, anten målet er å auke i styrke, gå ned i vekt, eller å generelt betre helse og livskvalitet.  Dersom du ønskjer ein motiverande, inspirerande og bestemt PT, er Marte det rette valet! Trening skal vere morosamt, givande og variert. 

Marte Mandelid

Fysioterapi

– Tilvising frå lege eller kontakt oss direkte

Vi legg opp til ei behandling som er spesielt tilpassa deg og dine plagar. Vi nyttar ulike behandlingsmetodar som slyngeterapi, medisinsk treningsterapi, triggerpunktbehandling med nålar (IMS) og massasje.

Vi har ei aktiv tilnærming til vårt arbeid og ønsker å gje god rettleiing til korleis ein sjølv best kan handtere sine plager. Vi samarbeider med lege og andre aktuelle yrkesgrupper.

Hos oss møter du ei god atmosfære – det skal vere triveleg å kome til Puls!

Les om dei andre fysioterapeutane våre

Håvard Nesse Røneid

Privatpraktiserande fysioterapeut.

Håvard er utdanna fysioterapeut ved HiST i 2007. Han jobba med driftstilskot på Puls frå 2009-2014, men er no privatpraktiserande. Han har erfaring innanfor idrett frå det norske herrelandslaget i volleyball, Førde handball og Førde Volleyball.

Håvard tilbyr trykkbølgebehandling, diagnostisk ultralyd, idrettsmassasje, cellulitt-behandling og lagar tilpassa treningsprogram for dei med ulike plagar. Ei vurdering hos Håvard kostar 600 kroner.

Ta kontakt i dag!
Håvard Nesse Røneid

Klinisk ernæring

– Vi kan hjelpe deg i gang

Eit sunt kosthald i kombinasjon med regelmessig fysisk aktivitet er viktig for god helse. På Puls treningssenter kan du få profesjonell rettleiing i både kosthald og trening.

Vi viser deg korleis du i praksis kan leve opp til anbefalingane om eit sunt kosthald. Det er ikkje vanskeleg, men krev fokus og at du tek bevisste val i kvardagen.

Les meir om klinisk ernæringsfysiologi

Marte Høyvik Ulltang

Marte har ei mastergrad i ernæring. Ho jobber 100 % som klinisk ernæringsfysiolog ved Førde Sentralsjukehus, der ho har oppfølging av pasientar. Marte foretar private konsultasjoner på kveldstid på Puls.

Ta kontakt i dag!
Marte Høyvik Ulltang