Hos Puls Førde skal du kjenne deg velkommen frå første steg inn døra.
Vi finst for å gjere trening ufarleg, tilgjengeleg og meiningsfull.
For alle som ynskjer å ta vare på si eiga helse, uansett utgangspunkt.
Vi veit at trening ikkje berre handlar om å bli sterkare, men om å ha det bra i kroppen, hovudet og kvardagen.
Difor skaper vi trygge, inkluderande rammer der du kan kjenne på meistring, fellesskap og ekte treningsglede.
Vi tilbyr meir enn apparat og gruppetimar.
Du får tilgang til dyktige fagfolk, personleg oppfølging, behandlingstilbod og eit inspirerande miljø som heiar på deg.
Bli med i eit senter som tek deg på alvor.
Start di gratis prøveveke i dag – vi gler oss til å møte deg på Puls Førde.
Ønsker du å teste vårt fantastiske treningssenter og våre treningstilbud før du blir medlem?
Kom innom resepsjonen for å starte di gratis prøveveke og få ei hyggeleg omvisning av lokala våre.
✅ Full tilgang til å prøve alle gruppetimar
✅ Full tilgang til eigentrening
✅ Gratis og uforpliktande
Les meir om betingelser og reglar for gratis prøveveke her.
Sjå gjennom nokon bilder frå senteret og få ei oversikt over lokalet, utstyr og trivselsnivå. Puls Førde har fokus på reinhald, orden og system, noko vi håper du som medlem sett pris på og bidreg til, slik at det blir eit hyggeleg treningsmiljø for alle våre medlemmer. Klikk deg vidare for å sjå omvisningvideoar og meir få meir informasjon om våre tilbod.